Skiparstò - Kinsarvik

Det var Håkon den gode som førte inn leidangen kring året 950. Han delte landet inn i skipreide, og kvart skipreide hadde ansvar for å halda eitt eller fleire vikingskip. Skipet i Kinsarvik var ei femogtjuesesse, det hadde 25 tofter med 4-6 mann på kvar tofte. I tillegg kom styresmann, kokk og andre, til saman 160 mann.

Idag ser me berre murane til dette båtnaustet som kan ha hatt plass til to vikingskip. Naustet var eit standardverkshus (stolpehus) med torvdekt sperretak. Tufta vart restaurert i 1953, og utgravinga avdekka ein del jarnspikar og eit hellegolv langs søraustsida. Det kunne vera restane etter ein verkstad inne i naustet.

Leidangen hadde utspela si rolle på 1400-talet, men i prinsippet varde ordninga fram til 1628 då kong Kristian IV organiserte forsvaret etter europeisk mønster.

Når ein ser utover fjorden, ruvar det majestetiske fjellet Oksen i nordvest. På toppen stod det ein vete som dei kveikte eld i. Elden og røyken varsla når alle fri menn måtte førebu seg på krig.

Logon