Djønno Hytteutleige

Djønno Hytteutleige

Hytter på den sjarmerande staden Djønno  like sør for ferjeleiet Bruravik. Frå Djønno har ein fantastisk utsikt over Hardangerfjorden,  og her er gode høve til fiske og bading. Hyttene var nye våren 2002, og held moderne standard med oppvaskmaskin, microbølgeomn og badstove. Hyttene har tre dobbeltrom, 8 og 11 sengeplassar totalt. Parkering like ved hyttene. Høve for leige av båt.
--les meir-->

Lothe Feriehytter

Lothe Feriehytter

Ligg på Lothe, 6 km frå Utne i retning Jondal. Hyttene er omlag 50 kvm med plass til 5-6 personar. Hyttene er ljose og venlege.  Frå altanen på hytta har du panoramautsikt over Hardangerfjorden og frukthagen, og du kan fylgja arbeidet på garden frå bløminga tidleg i mai til haustinga av dei siste epla i oktober. Berre 150 meter frå  hyttene  er det gode bade- og fiskemoglegheiter. Båt/motor  til disposisjon. Parkering ved hytta.
--les meir-->

Naustflot Hytteutleige

Naustflot Hytteutleige

Naustflot hytteutleige med sine to feriehus og ei hytte ligg om lag 15 km frå ferjeleiet Bruravik. Bueiningane ligg like ved Utnefjorden og har gode mogelegheiter for bading og fisking. Naustflot er også eit godt utgangspunkt for  turar opp til den karakteristiske fjelltoppen Oksen. Hytteutleigar tilbyr utleige av motorbåt, sal av frukt og røyking av fisk i eige eldhus.
--les meir-->

Hytter på Utne

Hytter på Utne

Like ved Utnefjorden, 4 kilometer frå Utne, ligg fire koselege feriehus i tradisjonell norsk stil med grastak. Frå terrassen har ein flott utsikt over fjorden og fjella omkring. Hyttene er innreidde med rustikke furumøblar. Her er flott å fiske og bade, frå land eller båt.
--les meir-->

Ringøy Stovetun

Ringøy Stovetun

Ringøy Stovetun ligg på eit småbruk på Ringøy 10 km nord for Kinsarvik. Frå alle dei tre bueiningane, Løo, Stovo og Bue har ein flott utsikt over Hardangerfjorden. Dei gamle bygningane er oppgraderte til moderne standard, men særpreget frå gamal tid er teke vare på.
--les meir-->

Vines Hytteutleige

Vines Hytteutleige

I eit fredelig lite hyttefelt på Vines, ca. 8 km frå Utne mot Jondal, kan me tilby 6 koselege hytter til utleige. Praktfull utsikt over Hardangerfjorden og til fjella i kring. Gratis aurefiske i eigaren sitt vatn (2.5 t fottur) Gode forhold for fjell- og breturar. Båt til disposisjon. Hyttene er tilpassa funksjonshemma.
--les meir-->

Logon