Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang, Lofthus

Hotel Ullensvang ligg rett ved fjorden på Lofthus. Hotellet har totalt 344 senger og 172 rom. Satellitt-TV, med tilgang til internett. Buffet og a la carte restaurant. Hotellet har trimrom, jacuzzi, badstove, solsenger, innandørs symjebasseng, bordtennis, biljard, squash, innandørs tennisbane, bowling, golfsimulator, robåtar og trøbåtar. Edvard Grieg si komponisthytte er å finna i hotellet sin hage.
-- les meir -->

Kinsarvik Fjord Hotel

Kinsarvik Fjord Hotel

Kinsarvik Fjord Hotel ligg i Kinsarvik sentrum. Hotellet har totalt 154 senger og 74 rom, av desse er 4 familierom og 1 suite. Salong med bar og dansesal. Hyggeleg matsal med à la carte meny. I høgsesongen vert det servert Hardanger buffet kvar kveld. Hotellet har ein liten velværeavdeling med badstove, boblebad, solarium og fitness. Fjordhotellet er veleigna for møter, konferansar og andre arrangement.
--les meir-->

Utne Hotel

Utne Hotel

Tenk deg å feriera i eit roleg tempo, og slappa av i eit unikt og særprega miljø. Vekk frå stress, jag og upersonlege hotell til ei personleg astmosfære. Midt i Hardanger finn ein Utne Hotel som er Noreg sitt eldste hotell i samanhengande drift sidan 1722. Det er korkje fjernsyn eller radio på heile hotellet. Sjeldan får ein ei slik kjensle av ”gamle dagar”, det er nesten som å bu i ein historiebok. Hotellet var totalrenovert vinter 2002/2003 og 2003/2004 og har 52 senger fordelt på 26 rom.
--les meir-->

Logon