Agahytte på Aga

Agahytte

Erling Aga bur på ein av dei vakraste stadene i Vest-Noreg. Tettstaden heiter Aga. Garden ligg like ved Sørfjorden. Erling driv med produksjon av mjølk, egg og frukt. Her kan du og leiga hester. Gjestehuset ligg 10 meter frå fjorden. Innvendig er alt nytt, interiør i furu. 1 etasje har 3 soverom, bad, kjøken og stove. 2 etasje har 2 leilegheiter, kvart med 2 soverom, bad, kjøken og stove.
--les meir-->

Dreiarstovo

Dreiarstovo på Ringøy

Dreiarstovo ligg på Ringøy, 10 km frå Kinsarvik. Her er fine gåturar i fjellet, ein kan låne båt, fiske og bade i fjorden. Dreiarstovo er ei gamal husmannstove frå 1870, som vart restaurert i 2006. Dei gamle veggane står framleis, noko som gjer Dreiarstovo til noko heilt særeige. Her er det plass til opptil 6 personar fordelt på eit soverom og ein hems. Det er oppvaskmaskin, toalett, dusj, golv med varmekablar og vaskemaskin.
--les meir-->

Drengestova i Graaten

Drengestova i Graaten

Drengestova ligg på ein gamal handelsplass frå 1880 i Graaten. Renovert i 1994. Ligg idyllisk til ved Sørfjorden, 3 km nord frå Lofthus sentrum, 7 km sør for Kinsarvik. Sengeplass for 3 - 4 personar. Skjerma frå all trafikk og med morelltre som næraste nabo. Både friluftsmuséet Skredhaugen og gardsbutikken på Lutro ligg rett i nærleiken. Bustaden har eiga strand og fiskeplass. Velkomen til eit opphald du seint vil gløyma!
--les meir-->

Feriehus på Djønno

Feriehus, Djønno

Attraktivt og velutstyrt feriehus i rolege omgjevnader med eigen hage og fantastisk utsikt over fjorden. Badestrand 300 meter frå huset. Det er og høve til å fiska. Robåt, hagemøblar, grillutstyr. Flott turterreng i næleiken. Frå Djønno er det godt merka stiar opp til Oksen. Frå toppen kan du nyta panoramautsikt over Hardangerfjorden. Feriehuset ligg 10 km frå ferjeleiet Bruravik.
--les meir-->

Feriehus på Lutro

Feriehus, Lutro

Tiltalande feriehus for opptil 6 personer med flott utsikt over Sørfjorden, ein sidearm av Hardangerfjorden. Huset ligg på Lutro, 6 km sør for Kinsarvik, 35 km nord for Odda. Handelssenteret Lofthus ligg 4 km lenger sør. Høve til å  bada og fiska i fjorden. Stranda ligg ca 300 m frå huset, der ein må kryssa riksvegen. Huset ligg i eit rolig område, og har eigen hage omgitt av fjord, høge fjell og frukthage.
--les meir-->

Feriehus på Utne

Feriehus, Utne

Flott og velutstyrt feriehus med stor og solrik terasse. Huset ligg 1 km sør frå ferjestaden Utne. Det er vakker og frodig natur langs fjorden. Eit godt utgangspunkt for mange spanande dagsturar. Feriehuset har høg standard med symjebasseng, boblebad og badstove med toalett til alle soverom.
--les meir-->

Hagali på Lofthus

Hagali, Lofthus

Hagali i Hellelandshagen har ei fantastisk utsikt over Sørfjorden og Folgefonna. Det er  2 km til Lofthus sentrum  og  8 km til Kinsarvik. Hagali er omgitt av frukthagar. Huset vart bygd 1929 av Johannes Lutro som feriehus for familien. Han var handelsmann i Bergen. Hagali ligg i nærleiken til Skredhaugen, eit idyllisk museum med ei fin samling gamle hus og stover frå Hardanger. Det er og kort veg til Sørfjorden, der ein kan fiska.
--les meir-->

Ulsnes Gard

Ulsnes Gard

Ulsnes gard ligg 7 km nord for Kinsarvik og 22 km sør for Eidfjord ved riksveg 13. Garden ligg der tre fjordar møtest: Eidfjorden, Hardangerfjorden og Sørfjorden. Staden har ei fantastisk utsikt. Her driv me med husdyr, birøkt og frukt. Målet vårt er å gje gjestene på Ulsnes gard eit opphald med opplevingar. Du kan og  få væra  med på gardsarbeid, t.d. i slåtten, plukka  bær/frukt eller vera med på å fôra  husdyra.
--les meir-->

Eldhuset på Jåstad

Eldhuset, Jåstad

Eldhuset er eit koseleg hus som ligg i ein frukthage omkransa av eplar og morelltre. Vakker utsyn over Sørfjorden og fjella ikring. Eldhuset vart bygt på 1930 talet. Påbygt og restaurert i 1994. Til eigedommen høyrer naust med robåt-motorbåt. I nærleiken er det fleire fine turstiar opp i fjellet til Folgefonnhalvøya.
--les meir-->

Oldemorhuset på Jåstad

Oldemorhuset, Jåstad

Oldemorhuset ligg nær eit gardstun langs gamle riksveg 550 (Sjå Eldhuset på Jåstad).  Eit koseleg hus som vart bygt i 1905, men har òg ein del som er frå 1700-talet. Modernisert i 2004 med mellom anna nytt kjøken og bad. Fin uteplass med hagemøblar. Gode turvegar i nærleiken.
--les meir-->

Feriehus i Fresvik

Feriehus, Fresvik

Frå den romslege terrassen i Fresvik er det utsikt over Sørfjorden og fjella. Huset som ligg 15 km nord for Odda og ca: 20 km sør for Lofthus er omringa av flotte fruktre. Kort veg til fjorden med gode høve til fiske og bading.
--les meir-->

Feriehus på Lutro

Feriehus, Lutro

Idyllisk feriehus for opptil 7 personar med stor og solrik terrasse. Panoramautsikt. Huset ligg omlag 50 meter frå stranda. Høve til å bada og fiska i fjorden. Fint utgangspunkt for spanande dagsturar i Hardanger og Hardangervidda. Huset  ble renovert i 2006. Er velutstyrt og med høg standard. Feriehuset ligg i eit roleg område, mellom frukthager, fjord og høge fjell.
--les meir-->

Leiligheit på Lutro

Leiligheit på Lutro

Ny ferieleiligheit på Lutro Gard. Høver for 2-3 personar, kan setja inn ekstraseng. Nær Gardsbutikk og galleri. Kort køyreavstand til både Kinsarvik og Lofthus.
--les meir-->

Logon