Bråvoll Camping

Bråvoll Camping, Kinsarvik

Bråvoll Camping ligg idyllisk til nede ved fjorden i utkanten av Kinsarvik sentrum med flott utsikt over Hardangerfjorden. Campingplassen har 2- og 4-sengs hytter med enkel standard. I tillegg er det god plass til camping.  Servicebygg med dusj og toalett. Robåtar kan lånast gratis.
--les meir-->

Eikhamrane Camping

Eikhamrane Camping, Eikhamrane

Velkommen til Eikhamrane Camping som ligg ca: 30 km frå Utne mot Odda. Campingplassen ligg like ved fjorden i eit stille og naturskjønt område - omgitt av fruktre. Her kan du ta ein tur på fjorden for å fiske eller berre slappe av. Eikhamrane er og eit flott utgangspunkt for dagsturer i fjellet.
--les meir-->

Hardangertun

Hardangertun, Kinsarvik

Hardangertun ligg i Kinsarvik sentrum, og er næraste nabo til Mikkelparken. Hardangertun er ein fem stjernes campingplass med 26 hytter. I sommar sesongen er det open kafé og sommarbutikk, i kafeen får du lunsj og middag. Ferske brød og rundstykke for sal kvar morgon. Oppvarma utandørs symjebasseng.
--les meir-->

Kinsarvik Camping

Kinsarvik Camping, Kinsarvik

Ein  moderne campingplass med 25 hytter av ulik standard med fire til åtte senger, frå heilt enkle enheiter til hytter med TV, toalett, dusj og badstove. Dei fleste med utsikt over fjorden. Straumuttak til 64 bubilar/vogner. Fine forhold til telt. Gode høve til fiske. Leige av båt/motor. Gangavstand til Mikkelparken.
--les meir-->

Lofthus Camping

Lofthus Camping

Lofthus Camping er ein firestjernes campingplass som ligg midt i ein frukthage, med utsikt over fjord, fjell og fonn. Merka turstiar opp over dei kjende Munkatreppene til Hardangervidda Nasjonalpark og gjennom den ville og vakre Elvadalen. Sjølvplukk av frukt i sesongen; moreller, plommer, eple og pærer. 300 meter til eiga badestrand. Båtutleige og slipp. Nytt moderne sanitæranlegg.
--les meir-->

Lothe Camping

Lothe Camping

Lothe Camping ligg vakkert til, 5 km frå Utne ferjekai mot Jondal. God plass til telt, campingvogner og bubilar. Opphaldsrom med parabol TV og nytt servicehus med kjøken og vaskemaskin. Kiosk og resepsjon, open til kl.2100. Sal av vanleg kioskmat, litt matvarer og frukt frå eigen gard. Lothe Camping har gode moglegheiter for bading, fisking og lokale fjellturar, oppmerka turløype i fjellet.
--les meir-->

Ringøy Camping

Ringøy Camping

Ringøy Camping ligg fredfullt  ved strandkanten til Eidfjorden (ein arm av Hardangerfjorden). Campingplassen har ei lita båthamn til robåtar, kanoar og andre småbåtar. Staden ligg midt mellom Kinsarvik og Brimnes - 10 kilometer kvar veg. Merka turløyper opp til Hardangervidda. Ingen resepsjon og du kan sjølv finna den plassen du helst vil ha. Vertskapet tek ein runde kvar kveld for å helsa gjestene velkomne.
--les meir-->

Logon