Måge Gardsbutikk

Måge Gardsbutikk

Måge gardsbutikk ligg på Måge, 16 km nord for Odda. Butikken sel tradisjonsrike matvarer frå distriktet m.a. heimelaga honning, syltetøy og hakkasteik, eplesaft frå Aga, geitost frå Skare og Tysnes, fjellaure, kjøttvarer t.d. Åkrering og Sundepølsa, elg - og reinsdyrsteik, poteter og andre grønsaker, moreller, plommer, pærer og eple. I helgene får ein også kjøpt heimelaga bakst; krotakaker, potetkaker m.m.
--les meir-->

Bestastovo på Reiseter

Bestastovo på Reiseter

Velkomen til eit godt og heimelaga måltid på ein tradisjonsrik  gard. Reisæter i Vikebygd er ein av dei høgstliggjande gardane i Hardanger. Den 4 km avstikkaren frå Nå går gjennom frukthagar til ei lita naturperle 330 moh tett oppunder Folgefonna Nasjonalpark. Her driv Åse Marie Reisæter og Bjørn Håland gard med kyr og sauer. Åse Marie serverer i tillegg tradisjonsmat i den eldste stova på garden. Nydelig utsikt. Parkering        
--les meir-->

Fruktbare Hardanger

Smaken av Fruktbare Hardanger

Prosjektet "Smaken av Fruktbare Hardanger" har som mål å auka bruken av lokale råvarer og å ta vare på dei lokale mattradisjonane i Hardanger. Lam, kalv, kje, hjort, reinsdyr, fjellfisk, sjømat, frukt og grønsaker er nokon av råvarene som vert nytta. Me ynskjer at serveringsstadene gjennom "Hardangermeny" skal kunna by gjestene sine på ein meny som speglar mattradisjonane og råvarene som har vore, og er i bruk i Hardanger.
--les meir-->

Lutro Gard

Lutro Gard

På Lutro Gard som ligg mellom Kinsarvik og Lofthus har me produksjon og sal av hermetiske moreller, plommer, pærer og eple. Her kan du  kjøpe gardsmat som til dømes: fjellaure, sauekjøtt, lefser og ulike syltetøy. Me har og fotoutstilling i unike lokalar med sal av bilete og noko husflid.
--les meir-->

Bleietunet

Bleietunet

Ein av dei eldste gardange i Hardanger. Guida vandring gjennom tuna, frukthagar og ein unik elvahage. Smak på frukt, sider og andre godsaker. Særeigne serveringslokale. Sal av kunst og gardsprodukt.
--les meir-->

Logon