Dronningløypa i Vikebygd

Dronningløypa i Vikebygd

Ei spesiell turløype gjennom mangfaldet av Hardanger sitt kulturlandskap frå beitelandskap, eng og små åkerkulturar til frodige frukthagar. I  april 2005 gjekk Dronning Sonja og eit par tusen andre løypa ved den nasjonale opninga av Streif, landbruket si hundreårsmarkering for unionsoppløysinga. Reiseter - Nå 4 km.  Løypa kan gjerne kombinerast med andre turar i området.

Hardangervidda Nasjonalpark

Hårteigen

Hardangervidda   er  Nord-Europas  største   høgfjellsplatå.
I 1981 vart ein del av vidda lagt ut til nasjonalpark som strekkjer seg langt ned i den vakre Husedalen. Næraste turisthytte er Stavali som er ei sjølvbetjeningshytte på 1024 m.o.h. Ein kan også nå nasjonalparken frå Lofthus. Kart på turistkontora.

Folgefonna Nasjonalpark

Folgefonna

Folgefonna er Noregs tredje største isbre og ligg dels i Ullensvang. Ho er godt synleg frå fjorden og store deler av heradet. Det kan arrangerast fotturar for grupper med guide frå Aga eller Bleie. Kart på turistkontora.

Husedalen

Husedalen

Dalen opp frå Kinsarvik mot Hardangervidda er ei av naturperlene i Ullensvang, med 4 imponerande fossar på rekkje og rad innan tre timars gange. Flott turterreng.


Munketreppene og Nosi

Munketreppene

Det går både skogsveg og sti opp frå Lofthus til Nosi. Dette er ein av innfallsportane til Hardangervidda. Munketreppene som ligg på 650-700 m.o.h. er steinheller som ein trur er lagde av munkane i Opedal. Gangtid fram og attende til Nosi er kring 4  timar. Kart på turistkontora.


Elvadalen

Elvadalen

Turveg langs elva Opo. Inst i dalen ser ein fossane på nært hald. Bjødnabykse ligg  på venstre side og Skrikjo som ligg til høgre, har eit fall på kring 400 meter. Gangtid frå Lofthus sentrum, om lag 1 1/2  time fram og attende. Kart på turistkontora.

Hardanger Fruktsti

Hardanger Fruktsti

Stien tek deg med på ei lokalhistorisk vandring gjennom hjartet  av norsk fruktproduksjon. Der finn du i alt  10 plansjar med informasjon om fruktdyrking og lokal historie. Kart på turistkontora.


Hardanger Fossasti

Hardanger Fossasti

Husedalen i Kinsarvik er ein av dei finaste innfallsportane til Hardangervidda. Naturen og synet av dei 4 fossane tek pusten frå dei fleste. Fyrste del av Hardanger Fossasti er ein natur og kulturhistorisk vandring beståande av 8 dekorative og informative plansjar. Ordlyden er på norsk, engelsk og tysk. Traseen går frå Kinsarvik sentrum og opp til inntaksdammen til Tveitafoss Kraftverk og grensa til Nasjonalparken. Den gamle jarnbanetraseen er planert og grusa. Kart på turistkontora.


Hardanger Fjellsti

Hardanger Fjellsti

Fjellstien på Lofthus rammar inn rundturen opp til Lofthuslia via Munketreppene, inn på Hardangervidda og ned Frøyneslia. Det er ein heil dagstur med totalt 7 plansjar med tema frå stølsliv og Hardangervidda Nasjonalpark med måleri av kunstnaren Lars Korff Lofthus.

Agatunet-Nortveit-Agatunet

Agatunet-Nordtveit-Agatunet

Fottur med utgangspunkt i Agatunet. Turen tek omlag 2 timar fram og attende.  Kart på Agatunet. Vakkert utsyn.

Frå fjord til fjell

Frå fjord til fjell

På strekninga frå Utne til Jåstad kan me by på mange interessante  turar og opplevingar i kulturlandskapet. Det går eit nettverk av skogsbilvegar og traktorvegar opp til ca: 500 moh. Vidare frå desse vegane går det sti opp til stølane og fjelltoppane. Stiane er delvis merka. Kart på butikken på Utne.

Oksen

Oksen

Ein fantastisk tur på godt merka stiar. Start frå Tjoflot eller Djønno, der det òg er informasjonstavler. Panoramautsikt over Hardangerfjorden.

Odda og Ullensvang Turlag

Odda og Ullensvang Turlag

Turlaget ynskjer deg velkomen til fjell og fonn, vakre naturopplevingar og sosialt samvær. Turprogrammet for 2010 inneheld dagsturar, helgeturar, overnattingsturar og turar for born. Turlaget har som føremål å stimulera til auka friluftsliv for både folk i distriktet og tilreisande. Godt kjende og rutinerte turleiarar er med kvar gong.
--les meir-->

Logon