Agatunet er eitt av dei få vestlandske klyngetuna som enno er att. Det er eit freda klyngjetun med 30-40 bygningar frå mellomalderen og opptil vår tid. Dei fleste husa i tunet er frå 1811-1850, men mange er mykje eldre. Det eldste huset er Lagmannsstova frå 1250, bygd av lagmann Sigurd Brynjolfsson.
--les meir-->
Hardanger Folkemuseum har sidan skipinga i 1911 teke vare på bygningar, gjenstandar, handverk og tradisjonar frå Hardanger. Hovudmuseet på Utne har ope heile året med skiftande kunst- og kulturhistoriske utstillingar og med ulike arrangement. Museumsbutikk med kunst og handverk frå Hardanger. Museet har avdelingar med friluftsmuseum og samlingar på Skredhaugen ved Lofthus og på Bu.
--les meir-->
På Skredhaugen ved Lofthus finn me Bernhard og Ingrid Greve sine samlingar av gamle hus og gjenstandar frå Sørfjorden i Hardanger. Bernhard Greve kjøpte eigedomen i 1918 og sette opp den første stova i 1920. Berhard Greve(1886-1962) var mest kjend som glasmålar og laga glasmålarstykka i Ullensvang og Utne kyrkjer. På Skredhaugen finn me òg ei interessant samling norsk biletkunst etter læraren og forfattaren Jon Bleie.
--les meir-->
Edvard Grieg (1843-1907) fekk sett opp ei komponisthytte på Lofthus. Der komponerte han fleire av dei mest kjende verka sine, inspirert av folkemusikk og vakker natur. Komponisthytta er flytt fleire gonger og står no i hagen til Hotell Ullensvang.
--les meir-->
Kinsarvik Kyrkje er den eldste steinkyrkja i Hardanger, bygd kring 1160. Kyrkja er bygd i engelsk- romansk stil med rundboga inngangar og vindaugsopningar. Koret vart bygd til på 1240-talet og har gotiske trekk. Det rektangulære skipet er 20 meter langt og 14,5 meter breitt. Ei segn fortel at det var skottar som bygde kyrkja. Ein modell av denne står no på Historisk Museum i Bergen. Kopi av modellen står over koropninga i kyrkja.
--les meir-->
Hardanger Bestikk er Nordens største produsent av bestikk. Med om lag 65 tilsette er verksemda òg ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Ullensvang herad. Hardanger Bestikk freistar å kombinera gamle handverkstradisjonar med ny teknologi for å få fram det beste resultatet. Frå stålet kjem inn til fabrikken, skal det gjennom femten ulike operasjonar.
--les meir-->
Ullensvang Kyrkje vart truleg bygd mellom 1250 og 1300, og står fritt og staseleg til ut mot fjorden. I nasjonalromantikken vart ho nemnt som "Kirken på Tangen" og er nok motiv for kyrkja på Tidemand og Gude sitt kjende målarstykke "Brudeferden i Hardanger". Kyrkja er bygd i stein med gotiske spissbogar og skipet har ei grunnflate på 17.6 x13.6 m. Tårn fekk ho ved ei større ombygging på 1880-talet.
--les meir-->
Kyrkja på Utne er teikna av den kjende arkitekten Peter A Blix (1831-1901) som m.a. stod for restaureringa av Håkonshallen og to kyrkjer i Sogn. Det var byggmeistrane Ivar I Opedal og Jakob J Urheim som sette opp kyrkja for litt over Kr. 21.000. Ho stod ferdig i 1895 og vart vigsla av biskopen i Bjørgvin, Frederik W Hvoslef. Ljosekruna og ljosestakane til alteret kosta Kr.400. Kyrkja har to malmklokker, støypte av Laxevaag Verk 1894.
--les meir-->
Skiparstò er tufta til eit naust frå vikingtida der leidangsskipet i Kinsarvik låg når det ikkje var ute på tokt. Leidang var ei forsvarsordning som plikta bøndene til å halda mannskap, utstyr og mat til leidangskipet. Våpen måtte kvar mann syta for sjølv.
--les meir-->
På Hus i Kinsarvik ligg Plantetunet. Her får du kjøpt både pryd- og nyttestauder. Mange av nyttestaudene har både pryd- og nytteverdi. Plantene kan mellom anna brukast til krydder, te, medisin, plantefarging og insektvern. Har eigen demonstrasjonshage, og på salsplassen finn ein informasjon om dei ulike sortane. Sel òg 1-årige urter. Utanom sesongen står Plantetunet til rådvelde med foredrag og lysbilete. Besøk etter avtale.
--les meir-->
Ullensvang forskingssenter vart skipa i 1949 som lokal forskingsstasjon for frukt og bærdyrkinga i Hordaland og Rogaland. I 1984 vart stasjonen tilslutta Norsk institutt for planteforsking som idag heiter Bioforsk.
--les meir-->