Mikkelparken

Mikkelparken, Kinsarvik

Velkomen til Mikkelparken, den einaste fornøyelsesparken i distriktet! Mykje moro og aktivitetar for born. Her finn du mellom anna vass-sklie, elektiske bilar, hoppetelt, piratminigolf, jungelløype, liten dyrepark, kafè, leikehus og sjølvsagt maskotten Mikkel.
--les meir-->

Fjordcruise

Fjordcruise på Hardangerfjorden

Kvar dag i sommarsesongen kan du oppleva dronninga blant norske fjordar på fjordcruise i busskorrespondanse frå Voss og Bergen. Ei oppleving du ikkje må gå glipp av. Båten startar og sluttar i Norheimsund og vitjar mange kjente turistbygder. Du kan berre la deg freiste, og sjølv velja din favorittstad: Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik eller Eidfjord.
--les meir-->

Lefsebaking i Årestovo

Lefsebaking på Nedre Børve

Nyt freden og utsikta oppe frå fjorden medan du smaker på nydelege heimelaga lefser. Sal av kaffe.Det er høve til å kjøpe med deg lefser. Lefsene vert baka i kjellaren på Årestovo som er frå tidleg 1300- tal.
--les meir-->

Bakedagar på Hardanger Folkemuseum

Bakedagar på Hardanger Folkemuseum

På Hardanger Folkemuseum møter du bakstekoner som bakar og steikjer krotakakar på gamlemåten i friluftsmuseet. Smaksprøvar og sal. Der får du òg demonstrasjon av andre tradisjonsrike handverk.
--les meir-->

Fabrikkomvisning på Hardanger Bestikk

Hardanger Bestikk

Hardanger Bestikk er Norden sin største produsent av bestikk. Med om lag 65 tilsette er verksemda òg ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Ullensvang herad. Hardanger Bestikk freistar å kombinera gamle handverkstradisjonar med ny teknologi  for å få fram det beste resultatet. Frå stålet kjem inn til fabrikken,  skal det gjennom femten ulike operasjonar.
--les meir-->

Hardanger Cideri

Hardanger Cideri

Har du lyst til å høyra om korleis ekte cider blir til? Då er dette rette staden for deg. Her tek me deg med på omvising og fortel om produksjonen - og du får sjølvsagt testa produktet.
--les meir-->

Ekspedisjonen Mikrobryggeri

Photo

Ekspedsjonen Bryggeri opna juni 2009. Mikrobryggeriet freistar å foreina gamle, gode, hardangerske bryggjeskikkar med moderne produksjonsutstyr og fagleg tyngde. På Ekspedisjonen Sjenkestove & Bryggeri tek me øl på alvor!

--les meir-->

Skiparvikstova

Skiparvikstova på Bleie

Ro ned dagen med ei lita vandring gjennom frukthagen der dei drog is ned frå Folgefonna på 1800-talet. Isen vart for det meste send til utlandet på dei staselege segleskutene som sette sitt preg på Sørfjorden i den tida. Vi rundar av i den gamle Skiparvikstova frå 1700-talet, som no står på tufta  etter ishuset nede ved fjorden med god prat, forteljingar og Hardangermat.
--les meir-->

Bakedagar på Agatunet

Bakedagar på Agatunet

Baking i eldhuset. Her kan du sjå korleis baking gjekk føre seg i tidligare tidar. Det er høve til smaksprøver og til å kjøpa med seg bakst heim.
--les meir-->

Gokart i Husemoen

Gokart i Husemoen

Ein av Noregs flottaste gokartbanar opna i juli 2003. Omlag 3 km frå Kinsarvik sentrum. Satsar no på Supermotard og trening. Så om du er ung eller gamal og ynskjer ein ny hobby, meld deg inn i Motorklubben!
--les meir-->

Fisketurar og sightseeing

Albatross

For deg som likar å fiska. Bli med på tur med M/S Albatross  på Hardangerfjorden.
--les meir-->

Sightseeing i helikopter

Sightseeing i helikopter frå Kinsarvik

Ynskjer du ei spesiell oppleving i ferien? Kva med ein helikoptertur i området? Airlift har base og kontor oppe i Husedalen, Kinsarvik. Ta turen til basen og spør om kva me kan tilby.
--les meir-->

Logon